| Margaret님의 프로필Margareta luhtte사진블로그리스트 | 도움말 |
Margareta luhtteheime hos Margaret, eksklusivt! Kun på space 3월 23일 TattTATT!Reglementet:
Bloggarar som vert "tatt" må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg,- enten ting folk ikkje veit, eller merkelige sider ved ein sjølv. I tillegg må ein føre opp disse reglane som eg nettopp har skreve her. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den" og listar opp namna deira. Etter det er gjort skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei få vete at dei har vorte "tatt", og at dei må lese bloggen til den som tok dei for å få meire informasjon. Ok.
1. Har angst for å få eit augeblink galskap og kaste nøklar, mobil eller korthaldar utanfor store høgder. Opptrer spesielt når eg går over bruer.
2. Tykkjer det er pinleg å høyre pinlege scener på tv, foretrekk igrunn å sjå på såpeoperar utan lyd
3. I mangel på sosial omgang i Karasjok har eg vorte gode vener med Jehovas vitner, som nok trudde eg var på god veg til å verta omvend, heilt til eg tykte det fekk vere nok slaberas om vranglære. Sidan har eg aldri sett dei.
4. Tjuvtittar bakerst i boka dersom eg er i tvil om det kan ende godt. Klok av skade gjer eg dette, ettersom heile persongalleriet døydde av influensa ein gong.
5. Frusterte fruer er sinnsykt oppskrytt
6. Har undervist i "samisk høgtlesing". Så dårleg kan det stå til i skuleverket.
Eg tek Jan Ove, Hans Edvard, Miriam, Tore og Elisabeth og Sissel-Marie 3월 10일 MarsrapportNo livnar det i lundar, men ikkje her i Karasjok. Det er nok enno ei stund til vi får sjå vårtegn, om ikkje snøras frå taket kan karakteriserast slik. Det er milde fine dagar, påskestemning på vidda. Perfekt skiføre, sparkføre og akebrettføre. Vi har opna hotell Krutvik og har allereie hatt fleire hjartelege gjestar innlosjert. Dei får oppleva herleg baby, spelesugne foreldre, scooterturar, hundekøyring og cafekultur i samebygda. Vi ser fram til å fylla huset på nytt til veka! Booking kan gjerast fortløpande, berre ta kontakt.
1월 16일 JanuardagSola kryp stadig høgare opp, snart kjem ho forbi toppane og skin inn kjøkkenvindauget. Sàpmi syner seg frå si beste side vinterstid, 30 iskalde minusgrader, solraudhimmel, frostrøyk og stille, stille ver. Frå husa med melisglasur på andre sida av elva, kan eg sjå omnsrøyken stig som ei hyssingsnor frå himmelen ned i pipa. Vi gler oss til mykje og godt besøk i vinter! Vi gler oss til å syna fram bygda vår!
Jovna Olai er storsjarmør og no toppidrettsutøvar. Han held ein utruleg aktivitet og er i rørsle heile tida. Her ein dag fann han opp kruttet heilt av seg sjølv, ja - de kan sikkert tenkje dykk jubelen over å kunne rulla. 11월 20일 I det Krutvikske hjem er det kjøttkaker i fryserenDet å være eneste høne i kurven når hanene er så flotte, er ingen sak. Jan Ove og Jovna Olai vokser og trives, smiler og ler, sjarmerer og koser. Ja, du kan jo selv se bildene.
Til deg som en gang kommer på besøk, har jeg nå funnet et herlig sted å ta deg med til. På toppen av slalombakken er det full utsikt over bygda og enda litt til, som kan nytes ved en luksuriøs bålplass. Beste nedgangsmåte må være på akebrett - er du med?
Jeg har laga kjøttkaker. Det er første gang i mitt liv. Det aller største er likevel at det faktisk finnes hjemmelagede kjøttkaker i fryseren også. Om jeg skal si det selv, var kjøttkakene absolutt til å skryte av. En søndagsmiddag verdig.
10월 13일 SigningsferdJovna Olai var døypt i Orkdalkyrkja 8.oktober. Ein flott dag og eit flott dåpsbarn! Vi hadde ein triveleg fest i kyrkjelydshuset etter gudstenesta. Kjekt å treffa vener og familie! No er det godt å vera i heimen i Stuorraluohkka, etter mange dagar "på tur". Jovna Olai har truleg arva far sitt sovehjarta, i natt sov han frå midnatt til halv ti (!). Og han har truleg arva far på fleire måtar og - for han er nøgd og blid berre han er mett, tørr og får litt kos. Enkle menn her i heimen ;) Elles av nytt skal eg byrja å spele tverrfløyte i Karasjok musikkkorps. Kan eg spele fløyte, nei - men det er vel aldri for seint å lære. Kan hende eg må øva i kjellaren i byrjinga, men satsar på vakre trillar etterkvart! |
||||||||||
|
|